mandag 30. august 2010

Vi er sju

William Wordsworth/Haldis Moren Vesaas

Ei lita jente møtte eg
ein gong på framand stad.
Ho kom mot meg med lette steg,
og smilte, trygg og glad.

Ho var vel ein sju-åtte år,
var fattig kledd, men sunn
og vakker, med sitt mjuke hår
og kjaken frisk og rund.

"Kor mange sysken har vel du?"
sa eg. Straks fekk eg svar:
"Kor mange sysken? Vi er sju.
Sju barn har mor og far."

"Kvar er dei andre?" sa eg så,
og atter svara ho:
"To er i byen, langt herfrå,
og ut til sjøs drog to.

To ligg på kyrkjegarden her,
ei syster og ein bror.
Og i eit hus tett innmed der,
bur eg med far og mor."

Eg drygde litt, så spurde eg:
"Og enda seier du
at de er sju?" Ho såg på meg,
ho sa: "Ja, vi er sju."

"Men kjære barn, du veit da visst:
Om fire heim att kjem,
er to av dykk for evig mist,
no er de berre fem!"

"På gravene veks blom og gras,"
sa veslejenta fort,
"eg ser dei frå vårt kjøkenglas
og tidt eg spring dit bort.

Der er eg alltid trygg og sæl,
eg set meg der og syr,
eg syng for dei, og tidt fortel
eg dei eit eventyr.

Og mang ein kveld når sol går ned
og det er vakkert ver,
da tek eg mjølk og niste med,
så et eg kveldsmat der."

"Men vesle jente, desse to
er døde, skjønar du!
Kor mange sysken har du no?"
Ho svara: "Vi er sju."

"Men dei er døde, barnet mitt!
I him'len får dei bu!"
Den vesle jenta stod på sitt,
ho svara like fast og blidt:
"Ja visst. Og vi er sju."